Bjørn Egil Flø

Sosiolog med bredt faglig interesseområde fra bygdekultur til landbrukspolitikk.

Bjørn Egil Flø har ei doktorgrad i sosiologi frå NTNU med fordjuping i rural- og agrarsosiologi.

Sidan 1998 og fram til 2015 arbeida han som forskar ved Bygdeforsking (no Ruralis) før han sumaren 2015 starta ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Flø har eit breitt fagleg interesseområde som femnar om det meste frå bygdekultur til landbrukspolitikk. Her inngår også tema som distriktspolitikk, utmarksforvalting, forholdet mellom by og land og mykje meir.

Flø har vore ein aktiv foredragshaldar i fleire år no og oppgjennom tida har han levert foredrag til store og små forsamlingar i bygd og by. Ei oversikt over foredragsaktiviteten hans finn du på bloggen Rurale refleksjonar.

Nokre dømer på tittlar og tema er:

  • Svik, mistru og opprør – om eit gryande distriktsopprør, mistru til eliten og forholdet mellom by og land
  • Bioøkonomien og grendene – eit foredrag om kven som vil tjene på den «løfterike» bioøkonomien og kva som må gjerast om me vil at andre skal få ta del i verdiskapinga
  • Lite er stort for landet vårt – om verdien av å oppretthalde ein småbrukssktruktur kring om i landet og prisen på læresetninga «meir, større og færre».
  • Om jordbruk, mat og politikk og sånn – eit foredrag om utviklinga av norsk og internasjonalt landbruk, om sårbarheit, risiko og sementeringa av den landbrukspolitiske tenkinga

Kontakt Bjørn Egil på e-post: bjorn.flo@gmail.com